Polarjenter

 Klare for romjulstur, testtur, kosetur, planleggingstur, innkøyringstur, Valdrestur



 Marie
Er frå Haugesund, men er no busett i Longyearbyen. Ho er lita og tett, bygd for arktiske strøk. Utdanna lærar, og vidareutdanna i friluftsliv både frå Volda og Svalbard. Lagets eldste, rolig type, elskar bre og kvite vidder.
 Åslaug
Ei av to Valdres-jenter som gjekk frå Lindesnes til Nordkapp vinteren 2012. Studerar til realfagslærar i Levanger, har ho begynt å like dei trønderske skogar? Vilje av stål og sterk som ein ukse, ikkje eigong betente gnagsår stoggar denne dama. Ho har køyrd mykje hund, både i Noreg og Alaska, og er med det 50% av gruppas hundeekspertise.
 Randi
Valdresjente nr2, frå Vakre Varierte Vang. Gjekk Lindesnes-Nordkapp vinteren 2012, i tospann med Åslaug + Gouvza. Har flytta heim etter friluftsutdanning og lærarjobbing i Volda. No går det i fjøsstell og saum, god kombi syns ho sjølv.




Torunn
Gruppas yngste, men overraskande rik på erfaring. Opphaveleg frå Lyngen, men er no busett i Longyerbyen. Torunn har friluftsutdanning frå Bø, og var på utveksling i Kanada. Ho jobba ein sesong med hundekøyring, og er med det den andre 50%en av hundeekspertisa. Breinstruktørutdanninga hennar kjem også godt med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar