mandag 26. mai 2014

Verlegenhuken - Veteranbreen. Dag 1 - 9

Me har vore på ein fantastisk fin skitur! Her kjem skildringar av opplevingar, erfaringar, kvardagsliv og rute. Tursamandraget kjem i fleire delar, dette er dei 9 fyrste dagane :-)

Verlegenhuken IL

Etter 14 timar på skuterseta vart me sett av på Verlegenhuken seint om kvelden den 25. mars. Turen ut var lang, kald og kvit. Kjensla av å vere framme ved turen sin startstad, og å høyre skuterduren forsvinne i mørket var spesiell. No var me heilt aleine, overletne til oss sjølve, endeleg! Me runda av utkøyringsdagen med middag i teltet, og la oss i gode, varme (tørre) posar. Litt nervøse, litt spente, men KLARE for fem vekers skieventyr.

 Festpynta teltkameratar

 26 år, 26. mars

 Gjebursdagsgåve :-)

Dag ein og to hadde me gode tilhøve, med godt føre og fin sikt. Me såg like til Nordaustlandet, og byrja allereie å draume om fleire turar. Me starta oppstigninga på Dünerbreen, det gjekk lettare enn me hadde frykta med tanke på pulkar og høgdemeter. Me vart godt nøgde med pakkinga vår, for vekta på pulkane har alltid vore overkommeleg.

Nordaustlandet kan skimtast der ute

Glade og med godt mot - over Sorgflya

Her er berre spor etter polarjenter og polarhundar

Fint kveldslys

 Morgoncamp - vind og snø gøymer fort telt og pulkar

Morgonen dag tre var det solskinn, og Åsgårdfonna låg kvit og stor framfor oss. I løpet av ein time gjekk det derimot frå sniktrekk, til vind, til full snøføyk. Me fann oss nøgde til å setje opp eit telt for å få ete maten vår, og få betre oversikt over vegen vidare mot depotet på Åsgardfonna. Etter å ha venta nokre timar på at vinden og snøføyka skulle løye fann me det like godt å bli verande til dagen etter, og sette opp det andre teltet også. Dagen etter var det like ille, dagen etter der var det også like ille. Me ringte til Torgeir som har værtenesta ved Longyearbyen Lufthavn, og fekk informasjon om at det var eit lavtrykk over oss som ville passere neste dag. Det var ikkje anna å gjere enn å vente.


 Sjå Marie sin bøn om betre ver

Ete lunsj og vente på at vinden løyar

Ringe Torgeir i vertenesta og sende melding heim

Neste morgon allereie ropa Torunn at "de e gåvær"! Vinden hadde løya noko. Me heiv oss rundt og pakka beddingar, primusar, pulkar og sekkar, men innan me hadde pakka ned det eine teltet hadde vinden teke seg kraftig opp att, og me la oss ned igjen, alle fire i eitt telt. Slik gjekk den natta, den trongaste på heile turen. Me vart ekstra glade for å ha to telt, for dette var sild i tynne! Det går i naud, men å liggje fire i eit tremannstelt er trongt, og krev samstemt rotasjon. I firetida morgonen den 1. april var veret ganske bra, no kom me oss omsider av garde!

Kaldt var det, men godt å vere i gang att!

"Kva gjer de når de ligg verfast i fire dagar?" er det mange som har spurt oss om. Ja, kva gjer me? Me kviler, les Ernie, skriv dagbok, smeltar snø, et litt snack og mat, snakkar saman, mannar oss opp til å ta ein tur ut for å grave rundt telta, sjekke korleis hundane har det, besøke det andre teltet og gå på do, skrape is frå teltduken med hundeskåla. Slik går tida, ikkje alltid like fort, men alternativ til å liggje verfast fins ikkje, så slik må det berre vere.

Archie, kaffi, musikk og Aftenposten
 
Ete Beito-ost

På skuterturen nordover stoppa me på Åsgardfonna for å grave ned eit depot, dette var berre nokre kilometer frå der me låg verfaste. Ingen av oss hadde erfaring med nedgravde depot, men det fungerte bra. Det vart markert på begge GPSane og på kartet. Litt spente gjekk me med GPSen i handa og leitte etter den raude stikka. "Der er den" ropa Åslaug, og jubelen slapp laus! Her hadde me mat til dei ti neste dagane. No skulle me klare oss til Longyearbyen-depotet.

Den raude staken

Vidare over Åsgardfonna fortsette me i tre dagar til i vind og snøføyk, og vart hese av å rope "høgre" eller "venstre" for å korrigere kursen til den framme. Til tider gjekk me i både dunjakke og fiberbukse for å halde varmen sjølv under marsj. All hud måtte dekkjast til, vinden var iskald og pausene korte. Kuldeblemmer sneik seg likevel innunder påsmurt feitt, ullbuff og vindmaske og pryda kinna våre resten av turen. Det me kanskje er mest nøgde med i styggveret på Åsgardfonna er likevel kor godt me samarbeida om orientering og framdrift i gruppa. Me fekk ein brutal start på turen, men løyste utfordringane godt. Det som ventar lenger sør kan umogleg vere verre enn dette, og dette klarte me jo fint!


Av os til skimta me sola

Dei fyrste kilometerane av Spitsbergen var dei me brukte desidert lengst tid på. Me hadde eit håp om at veret ville roe seg nede på Veteranbreen, og det stemte bra. Å skli nedover Trinityhall-breen medan det sakte dukkar opp fjell på båe sider var ei glede på høgde med å bli sett av på Verlegenhuken.

 I god stil ned Trinityhall-breen

Fjella rundt Veteranbreen kom til syne

Dei neste vekene venter ei totalt annleis oppleving.