Feiring av Polarjenter sin samankomst, og ei fin pause i pakkinga
Randi kom opp på onsdag, medan Åslaug landa i dag. Marie har pakka med crocsa frå kontoret. Torunn førebur seg til å ta alle bjørnevaktane med å jobbe nattskift på flyplassen og dagskift i barnehagen. No er det konstant køyr i leiligheita til Marie og Torunn med siste matpakking, organisering av depot, pakking av utstyr, testing av solcellepanel og lading av satelittelefon for å nevne noko. Det er med andre ord FULLT i leiligheita.
Her har me rydda
Me har gått gjennom ruta og telt kilometer nøye, og gledar oss til å gå kvar og ein av dei. Måtte det gå slik!
Marie tel nøye
Me trudde det skulle vere lett å få tak i hundar til turen, men det var det ikkje! Dette stressa oss ei periode. Etter mykje jobbing fekk Torunn napp på to gode hundar i midten av mars. Det er heilt fantastisk at me får ha med oss desse på tur, tusen tusen takk!!
Loki og Randi på tur i Bolterdalen
Loki er ein bamse av ein grønsky på 8 år, og Villa er ei alaska husky på 4. Marie og Torunn har latt hundane møtes, og tok dei med på tur saman, noko som ser ut til å gå fint. Dei har også hatt fleire treningsturar med Torunn. Randi og Loki var på bli-kjent og treningstur i Bolterdalen i går, og det var mykje kraft i bamsen. Han har vore på mange lange turar før, men er for treig for spannet. Han er kastrert, så det skal ikkje bli auke i hudetalet i løpet av turen. Dei likar å bli kosa på stussen begge to, så det blir mykje kos den neste månaden.
No må me attende til pakkinga. Hurray!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar