tirsdag 11. mars 2014

Ein dag og ein dag til, og snart er det tur.

For kvar dag som går er det ein dag mindre til me reiser på tur. Tida går veeeeeldig fort! Om to veker står me på Verlegenhuken, Spitsbergen sitt nordlegaste punkt, og startpunktet for skituren vår.

Fire spreke, sterke, staute, samstemte, supre, søte, saiko, smekre, svette jenter som snart er klare for ski og uteliv

Døgeret kunne hatt nokre fleire timar no for tida, men ting ser ut til å felle på plass.

Ei skallbukse får nye glidelåser, ein form med nøttebarar kjem ut av omnen, me ringes og skypast for å høyre om ditt og datt, og me sjekkar utstyrslistene gong på gong. Er det noko meir reperasjonsutstyr me burde ha med oss? Då går me gjennom på ny: kva kan skje - korleis kan me fikse det - kva treng me for å fikse det? Smørje leathermannen, pakke toalettmappa, ta med nok tanntråd og hugse fluor. Tenkje vekt i alt ein gjer, kvar kan gramma sparast inn? Ta tigerbalsamen, kuldekremen og solkremen over i plastboksar. Reperasjonskit til primusen må vere fullt utstyrt. Har me med alle utskiftbare delar? Repetere brelære og fyrstehjelp...

Marie er like vakker som breen

For å fylle opp fyrstehjelpsposen er Vitus Apotek på Fagernes rause og sponser oss med apotekvarer for eit par tusen kroner! Dette kjem utruleg godt med i planleggingsinnspurten der kontoen vert slakkare og slakkare. I dag har Randi henta ein stor pose med sterile kompress, sportstape, solkrem, smertestillande, gnagsårsokkar, strips og mykje meir som kan lappe oss saman! Reseptbelagde medisiner er også i boks, så no kan me klare oss gjennom litt av kvart.

Au!

Skype-møta går med til gjennomganger av lister, diskusjonar om ekstrautstyr og om kor mange par ekstra vottar me bør ha med. Dobbeltsjekking av kven som tek med kva er viktig. Kven har eit ekstra par solbriller? For det har me bestemt at me skal ta med!

Me er førebudd på dagar som dette, men håpar me også får nokre dagar som dette:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar