tirsdag 25. mars 2014

Utreise.

Helga er allereie over, og jammen er måndagen gått også. No skal me på skitur! Det vert ekstra godt å koma seg ut etter intense dagar i Longyearbyen. I hovudsak har me opphalde oss innandørs. Heldigvis har me store sjanser til å fylle opp med frisk luft den neste månaden.

Siste oppteikning av rute

Det har gått i mat, mat, mat, utstyr, utstyr, musikk, snakking, tøys, rute, kaffi, eting og litt soving. No er all mat til folk og hundar dagspakka, begge depota er klare. Det er viktig at rett kalorimengd kjem i rett pose! Me har gått gjennom alt utstyr enda ei gong. Tok alle med det dei skulle? Så langt ser det bra ut, så me håpar det ser bra ut også på Verlegenhuken på tysdag.

Åslaug hakkar hundesnacks

Er me spente? Ja.
Gledar me oss? Ja.
Er det framleis god stemning i dei 40 kvadrata? Utruleg nok, ja.
Er pulkane klare? Så og seie ganske snart.

Desse raringane skal også vere med

No er det berre timar att til utkøyring. Det kilar i magen, ei god blanding av glede, nervøsitet, spenning og skrekk, men gleda overstyrer det meste. Siste gjeremål før leggetid siste natta; innveiing av samtlige turdeltakarar. Håpar bernaisen har gjort jobben!

Det er nydeleg ver i Longyearbyen, me håpar det held seg til me kjem oss ut.

Endeleg ber me pulkane ut!

lørdag 22. mars 2014

4 jenter, 4 pulkar, 40 kvadrat

Då er omsider alle Polarjentene på plass i Longyearbyen, det er utruleg godt å vere samla!

Feiring av Polarjenter sin samankomst, og ei fin pause i pakkinga

Randi kom opp på onsdag, medan Åslaug landa i dag. Marie har pakka med crocsa frå kontoret. Torunn førebur seg til å ta alle bjørnevaktane med å jobbe nattskift på flyplassen og dagskift i barnehagen. No er det konstant køyr i leiligheita til Marie og Torunn med siste matpakking, organisering av depot, pakking av utstyr, testing av solcellepanel og lading av satelittelefon for å nevne noko. Det er med andre ord FULLT i leiligheita.

Her har me rydda

Me har gått gjennom ruta og telt kilometer nøye, og gledar oss til å gå kvar og ein av dei. Måtte det gå slik!

Marie tel nøye

Me trudde det skulle vere lett å få tak i hundar til turen, men det var det ikkje! Dette stressa oss ei periode. Etter mykje jobbing fekk Torunn napp på to gode hundar i midten av mars. Det er heilt fantastisk at me får ha med oss desse på tur, tusen tusen takk!!

Loki og Randi på tur i Bolterdalen

Loki er ein bamse av ein grønsky på 8 år, og Villa er ei alaska husky på 4. Marie og Torunn har latt hundane møtes, og tok dei med på tur saman, noko som ser ut til å gå fint. Dei har også hatt fleire treningsturar med Torunn. Randi og Loki var på bli-kjent og treningstur i Bolterdalen i går, og det var mykje kraft i bamsen. Han har vore på mange lange turar før, men er for treig for spannet. Han er kastrert, så det skal ikkje bli auke i hudetalet i løpet av turen. Dei likar å bli kosa på stussen begge to, så det blir mykje kos den neste månaden.

No må me attende til pakkinga. Hurray!

tirsdag 11. mars 2014

Ein dag og ein dag til, og snart er det tur.

For kvar dag som går er det ein dag mindre til me reiser på tur. Tida går veeeeeldig fort! Om to veker står me på Verlegenhuken, Spitsbergen sitt nordlegaste punkt, og startpunktet for skituren vår.

Fire spreke, sterke, staute, samstemte, supre, søte, saiko, smekre, svette jenter som snart er klare for ski og uteliv

Døgeret kunne hatt nokre fleire timar no for tida, men ting ser ut til å felle på plass.

Ei skallbukse får nye glidelåser, ein form med nøttebarar kjem ut av omnen, me ringes og skypast for å høyre om ditt og datt, og me sjekkar utstyrslistene gong på gong. Er det noko meir reperasjonsutstyr me burde ha med oss? Då går me gjennom på ny: kva kan skje - korleis kan me fikse det - kva treng me for å fikse det? Smørje leathermannen, pakke toalettmappa, ta med nok tanntråd og hugse fluor. Tenkje vekt i alt ein gjer, kvar kan gramma sparast inn? Ta tigerbalsamen, kuldekremen og solkremen over i plastboksar. Reperasjonskit til primusen må vere fullt utstyrt. Har me med alle utskiftbare delar? Repetere brelære og fyrstehjelp...

Marie er like vakker som breen

For å fylle opp fyrstehjelpsposen er Vitus Apotek på Fagernes rause og sponser oss med apotekvarer for eit par tusen kroner! Dette kjem utruleg godt med i planleggingsinnspurten der kontoen vert slakkare og slakkare. I dag har Randi henta ein stor pose med sterile kompress, sportstape, solkrem, smertestillande, gnagsårsokkar, strips og mykje meir som kan lappe oss saman! Reseptbelagde medisiner er også i boks, så no kan me klare oss gjennom litt av kvart.

Au!

Skype-møta går med til gjennomganger av lister, diskusjonar om ekstrautstyr og om kor mange par ekstra vottar me bør ha med. Dobbeltsjekking av kven som tek med kva er viktig. Kven har eit ekstra par solbriller? For det har me bestemt at me skal ta med!

Me er førebudd på dagar som dette, men håpar me også får nokre dagar som dette:


mandag 3. mars 2014

Mat ska'n ha

Me har handla store mengde mat hjå butikkar i Vang og Øystre Slidre, som sponsar oss med ulike summar. Tusen takk til Joker Ryfoss, Spar Beitostølen, Coop Fjellvang, Joker Tyinkrysset, Coop Heggenes og Coop Rogne! 8kg ost frå Beito Ysteri har også kome i hus. Me fekk fire to-kilos ostar av typane stølsost, stølsost lagra, nøkkelost og fjellvill. Det vert gode smakar å ha med på tur.
Frukostane er snart i posar. Ei base av havregryn, müsli, nøtter, smør, mjølkepulver, sukker, kanel vert ein god start på dagen. Energibarar bakar me, blant anna er to store porsjonar snickerskake klare. Alt vert porsjonspakka med påskrive kalorimengd. Her skal me vite kva me får i oss! Lunsjmat skal me blande sjølve, medan det vert frysetørka til middag.

Prosjekt "frukost for ein månad". Me tillet ei brunostskive eller to i frukosten :-)

Etter ein tur i Østerdalen kom Åslaug heim med ein del krydder, te og tørka bær frå Fjellurt, noko som kan høgne smaken på mange måltid, tusen takk! Det er lett å bli lei havregrynsfrukost og frysetørka middag, så krydder er absolutt bra å ha. Tørka blåbær gjer frukostane meir spanande, og tørka tytebær i middagen vert reine luksusmåltidet!

Ikkje Fjordland komle til middag, altså?

Her kjem to oppskrifter på gode turbarar, dei er rike på kaloriar, dei heng saman, og dei smakar godt! Nokon seier sukker er gift, me seier at sukker også er bensin :-)

Snickerskake
- 2,5dl sirup
- 1dl sukker
- 1 glas peanøttsmør
- 1dl kokos
- 1liter corn flakes
- 1ts vaniljesukker
- 100g peanøtter
- 2 plater kokesjokolade og 2ss delfiafeitt til sjokoladelokk

Smelt sirup, sukker og peanøttsmør i ein kjele. Bland inn kokos, corn flakes, vaniljesukker og peanøtter. Brei utover i ei bakepapirkledd form (28x20cm). Set kaldt til det er stivna. Smelt sjokolade saman med delfiafeitt og fordel oppå kaka

Bland - kutt - pakk

Energibar (modifisert etter Trines matblogg)
- 150g smør
- 2ss sirup
- 1/2 dl brunt sukker
- ca 300g (til saman) kruskakli, havregryn og müsli
- 2 egg
- 100g sjokolade
- 150g hakka nøtter, rosiner, tørka frukt e.l.

Smelt smør, sirup og sukker. Bland inn havregrynsblandinga. Rør inn sjokolade og nøtter. Ha til slutt i egga. Steik i bakepapirkledd form (28xcm) på 200grader i om lag 20-25 min. Del opp når dei er heilt kalde. Til no har me laga ein porsjon med sjokolade, hakka mandlar og svisker, og ein med valnøtter. Desse vart veldig gode, og måtte pakkast i ein fei!

Det blir dårleg med ostesmørbrød på denne turen, det tek me att sidan!